Årmod (norrønt Ármóðr) var ein islandsk skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.

Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i OrknøyingasogaOrknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929) (kap. 85, 86 og 88). Ein haust, truleg 1148, kom han, saman med skalden Odde Litle, til Ragnvald Kale Kolsson jarl på Orknøyane. Dei vart godt mottekne og jarlen gjorde dei til hirdmenn. Under eit stort julegjestebod fekk Årmod eit gullslege spjot i gåve av jarlen, og Årmod gjorde då dette diktetLausavise av Årmod (Skaldic Project): Eigi metr inn ítri allvaldr gjafar skaldi Yggs við aðra seggi élstœrir mér fœra. Snjallr bar glæst með gulli grundar vǫrðr at mundum buðlungr nýztr it bezta blóðkerti Ármóði.Den herlege hovding, som heren fører, lét ikkje andre løna skalden; heimjords-trygdaren, budlungen hæve, gav Årmod i gåve eit gullslege sverd. (norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga) Sumaren 1151 drog Ragnvald jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip, for å fare på pilegrimsferd til det heilage landet. Fleire skaldar var med på ferda og mellom dei var Årmod. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel (86-90) og det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert tre av dei dikta som vi har etter Årmod; lausavisene vers 2,Lausavise av Årmod – dei segla forbi Northumberland, 3Lausavise av Årmod – om dronning Ermingjerd i Narbon (Ermengarde av Narbonne) 4.Lausavise av Årmod – dei låg verfaste ved Kreta

Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Årmod etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.

Referansar

Bakgrunnsstoff Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning (B side 511) av Finnur Jónsson Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie bind II (side 167/168), av Finnur Jónsson

Kategori:Islandske skaldar Kategori:Islendingar frå norrøn tid