«Little Sister» er ein rock and roll-song skriven av Doc Pomus and Mort Shuman. Han vart opphavleg gjeven ut på singel i 1961 av Elvis Presley, som nådde femteplassen på Billboard Hot 100 med songen. Singelen vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «(Marie's the Name) His Latest Flame») som nådde toppen av UK Singles Chart. Hank Garland spelte gitarsolo på songen, medan Jordanaires song korvokal, med den markante bassrøysta til Ray Walker.

Presley spelte songen som ein del av ein medley med «Get Back» i 1970 i filmen Elvis: That's the Way It Is. Songen vart sidan spelt av artistar som Dwight Yoakam, Robert Plant, The Nighthawks, The Staggers, Pearl Jam, Ry Cooder og Jesse and the Rippers.

Teksten i songen nemnde «Jim Dandy» som er tittelen på songen «Jim Dandy» frå 1956 av LaVern Baker. Ein svar song til «Little Sister», med same melodi, men annan tekst, vart skriven og spelt inn som «Hey, Memphis» av Baker i september 1961.

Listeplassering

Elvis Presley Liste (1961)Plassering

Medverkande Songen vart spelt inn i RCA Studio B i Nashville, 25. juni 1961.Jorgensen, Ernst, Elvis Presley: A Life in Music, The Complete Recording sessions, St. Martin’s Press, New York, 1998 pp157-159 Akustisk gitar: Scotty Moore Elektrisk gitar: Hank Garland Bass: Bob Moore Trommer: D.J. Fontana og Buddy Harman Orgel: Floyd Cramer Vokal: The Jordanaires

Dwight Yoakam-versjonen

Liste (1987)PlasseringCanadian RPM Country Tracks3RIANZ charts35

Musikkvideoen for Dwight Yoakam-versjonen vart regissert av Sherman Halsey.

Parodi Det kristne parodibandet ApologetiX spelte inn ein parodi av songen kalla «Little Esther» for debutalbumet Isn't Wasn't Ain't i 1993.

Andre versjonar

Ein tysk versjon av songen vart omsett av Joachim Relin og kalla «Little Linda». Denne vart framført av Ted Herold i 1961.

Eddy Mitchell og Pierre Saka skreiv ein fransk tekst til songen, «Petite sœur d'amour», framført av Les Chaussettes Noires i mars 1962.

Ein nederlandsk tekst av Bart Peeters, kalla «Kleine zuster» vart framført av The Radios i 1992.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Sister av Elvis Presley» frå , den 29. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Dwight Yoakam-songar Kategori:Songar med musikk av Mort Shuman Kategori:Songar med tekst av Doc Pomus Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Sherman Halsey Kategori:Songar produserte av Stephen H. Sholes Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Songar produserte av Pete Anderson Kategori:Ry Cooder-songar Kategori:Dwight Yoakam-songar Kategori:The Residents-songar