Kissin' Cousins er det 20. albumet til Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 2894, i april 1964. Det er filmmusikken til filmen med same namn frå 1964. Innspelinga fann stad i RCA Studio B i Nashville i Tennessee, den 26. og 27. mai, og 29. og 30. september 1963. Albumet nådde sjetteplassen på Billboard Top LP's-lista i USA. Albumet selde til gullplate 27. mars 1992 i USA. Merk: Søk på «Kissin' Cousins»

Innhald Innspelinga for Viva Las Vegas, som kom ut seinare, men var ferdig før Kissin' Cousins, hadde blitt langt dyrare enn venta. Derfor valde manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å flytte innspelinga til Studio B, langt borte frå Hollywood og distraksjonane der.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 186 Kravet om å fylle heile filmmusikkalbum, som var blitt vanlege og tok over for EP-singlane, gjorde at dei faste låtskrivarane til Presley, byrja å gå tom for gode songar. Fem av songane vart skrivne av Giant, Baum og Kaye.Jorgensen, op. cit., s. 186, 199.

Det vart spelt inn ti songar av Presley med musikarar frå The Nashville A-Team i løpet av to kveldar i september. Det vart spelt inn to versjonar av tittelsporet, ein med den vanlege røysta til Presley, og ein med ei etterlikning av ein hillbilly.Jorgensen, op. cit., s. 185-186. Den sistnemnde versjonen av «Kissin' Cousins» kom ut på singel i februar 1964, med «It Hurts Me» som B-side. Singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 29. plassen.Jorgensen, op. cit., s. 415. Singelen selde til gullplate. «Anyone (Could Fall In Love With You)», som finst på albumet, vart ikkje nytta i filmen. «Pappy, Won't You Please Come Home», framført av Glenda Farrell, finst i filmen, men er ikkje med på albumet.

Som med albumet til Fun in Acapulco, vart to songar, «Echoes of Love» og «(It's a) Long Lonely Highway» av Doc Pomus og Mort Shuman, henta frå ei avlyst albuminnspeling i mai 1963 og lagt til albumet, slik at det vart 12 songar i alt. Tre songar — «Once Is Enough», «One Boy, Two Little Girls» og singelen — vart gjevne ut på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II i 1995.

Medverkande Elvis Presley – vokal The Jordanaires – korvokal Millie Kirkham, Dolores Edgin, Winnifred Brest – korvokal Boots Randolph, Bill Justis – saksofon Cecil Brower – fele Scotty Moore, Grady Martin – elektrisk gitar Jerry Kennedy, Harold Bradley – elektrisk gitar, banjo Floyd Cramer – piano Bob Moore – kontrabass D.J. Fontana, Buddy Harman – trommer

Innhald

Lister

Album ÅrListerPlassering1964Billboard Pop Albums6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kissin' Cousins (album)» frå , den 29. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1964 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Gene Nelson Kategori:Album produserte av Fred Karger