Elvis By Request er ein EP av Elvis Presley med songar frå filmen Flaming Star, gjeven ut i 1960.

Innspelinga fann stad 8. august og 7. oktober 1960 i Radio Recorders i Hollywood. Først vart det skrive fire songar for filmen, men «Britches» og «Summer Kisses Winter Tears» vart droppa.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 137. Filmmusikken i filmen bestod berre av to songar, «Flaming Star» og «A Cane and a High Starched Collar.» Ein tidleg versjon av «Flaming Star», som nytta arbeidstittelen til filmen, «Black Star,» vart spelt inn av Presley og seinare gjeven ut i 1990-åra. Den langt mørkare teksten i «Black Star»-versjonen meinte somme kommentatorar at David Bowie refererte til i sin «Blackstar».Daily Telegraph 13 January 2016 Does a 1960s Elvis song hold the key to Bowie's Blackstar, and 5 other theories behind his mysterious farewell

To månader etter filmen hadde premiere, gav RCA ut EP-plata Elvis By Request – Flaming Star, som nådde 14. plassen på Billboard Hot 100.Jorgensen, op. cit., s. 414. Han inneheld tittelsporet og ein av dei avviste songane, «Summer Kisses, Winter Tears», i lag med to av Presley sine listetoppar i 1960, «Are You Lonesome Tonight?» og «It's Now or Never». «Summer Kisses» kom seinare ut på samlealbumet Elvis for Everyone fem år seinare, og «A Cane And A High Starched Collar» kom ut på Elvis: A Legendary Performer Volume 2. «Britches» vart først gjeven ut på Elvis: A Legendary Performer Volume 3 i 1979.

Songen «Flaming Star» vart tittelsopret på Elvis Sings Flaming Star, som var tilgjengeleg i butikkar som selde Singer-symaskinar som eit marknadsføringstriks.

Medverkande Elvis Presley – vokal The Jordanaires – korvokal Howard Roberts – elektrisk gitarar Tiny Timbrell – akustisk gitarar Jimmie Haskell – trekkspel Dudley Brooks – piano Myer Rubin – kontrabass Bernie Mattinson – trommer

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flaming Star» frå , den 30. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:EP-ar frå 1960 Kategori:Elvis Presley-album