Henry Strzelecki () var ein USA-amerikansk studiomusikar i Nashville som spelte med Chet Atkins, Waylon Jennings, Willie Nelson, Eddy Arnold, Bob Dylan, Johnny Cash, Ronnie Milsap, Merle Haggard og mange andre.

Strzelecki var fødd i Birmingham i Alabama og byrja å spele country i tenåra. Han skreiv songen «Long Tall Texan», som vart ein hit for The Beach Boys. Han arbeidde med Chet Atkins i mange år, både i studio og på turné. Han vart rekna som eit av hovudmedlemmane i Nashville A-Team og arbeidde med nesten kvar stjerne som braut gjennom i Nashville frå 1960- til 1980-åra.

I 1987 vart han nominert til årets bassist under Academy of Country Music Awards.

Strzelecki vart råka av ein bil i Nashville den 22. desember 2014 og døydde av skadane 30. desember.

Sjå òg The Nashville A-Team

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henry Strzelecki» frå , den 1. desember 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikarar frå Nashville Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:USA-amerikanske bassistar