Kristine Duvholt Havnås () er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Tønsberg. Ho vart verdsmeister i 1999 og vann i tillegg seks ulike medaljar i olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap. Høgrevengen Duvholt vann elles seks norske serimeisterpokalar med Larvik HK, og sigra i EHF-cupvinnarcupen 2005 med same klubben.

Karriere Landslagsspel Duvholt debuterte på det norske landslaget 31. oktober 1991 mot Vest-Tyskland. Åra 1992-94 var ho med å vinne OL-sølv, VM-bronse og EM-bronse i dei store meisterskapane. Etter ho og Noreg kom på sølvplassen under EM 1996 i Danmark, deltok ho ikkje i dei to neste meisterskaps-turneringane.

Derimot var Duvholt med då Noregs kvinnelandslag vann VM-gull for fyrste gong, på heimebane på Lillehammer kneip dei norske kvinnene gullmedaljane etter ekstraomgangar og sluttresultatet 25-24 mot Frankrike. Ho vart då kåra til beste høgreveng i meisterskapen. I 2000 tok ho bronsemedalje med Noreg i Sommar-OL 2000 og i sitt siste meisterskap, handball-VM 2001 i Italia, kompletterte ho medaljefangsten med ein sølvmedalje. Gjennom vel ti år spelte ho 208 landskampar for Noreg og skåra 377 mål.

Klubbspel Duvholt spelte på Tønsberg Turn til kring 1992. Ho melde deretter overgang til Larvik Håndballklubb og spelte for klubben til ho la opp. Med Larvik HK sikra ho seg seks seriemeistetitlar, og i 2005 triumferte klubben den europeiske cupvinnarcupen.

Merittar OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea EM 2000: Nr 6 med Noreg VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kristine Duvholt» frå , den 4. desember 2016.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå Tønsberg