Patrick Lundberg () er ein norsk musikar, låtskrivar og forfattar. Han er frå Høyanger og busett i Bergen. Han har ein cand. mag i filosofi, kunsthistorie, arkeologi frå universitetet i Bergen og har jobba på museum. Lundberg har publisert dikt i Klassekampen, Vagant og i Signaler 2003. I 2004 debuterte han med Dager og regler.
Lundberg sine dikt og prosastykke er personlege, nesten dagboksaktige i si tilnærming til hendingane, og dei er skrevne i ein ekspansiv, inkluderande og munnleg form, og med henvisningar til pop- og rocketekstar.
Patrick Lundberg er gitarist og låtskrivar i spellemannsnominerte Ai Phoenix.
Bibliografi Bøker
Kjelder Om Patrick Lundberg på Cappelen Damm
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Forfattarar frå Høyanger