Californiabukta (spansk Golfo de California, også kjend som Mar de Cortés og Mar Bermejo) er ei bukt i Stillehavet mellom Californiahalvøya og det meksikanske fastlandet. Ho har ein overflate på omlag 160 000 km². Dei meksikanske delstatatane Baja California, Baja California Sur, Sonora og Sinaloa har kyst mot bukta, med ei kystlinje på rundt 4000 km. Nokre av elvane som renn ut i bukta er Colorado, Fuerte, Mayo, Sinaloa, Sonora og Yaqui.
Bukta er heim til over 5000 artar av mikroskopiske virvellause dyr, og er trudd å vera ein av havområda med størst biologisk mangfald i verda.
Delar av bukta og øyar i henne er ein verdsarvstad, teken med på UNESCO-lista i 2005.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gulf of California» frå , den 7. desember 2016.
Kategori:Bukter i Stillehavet Kategori:Bukter i Mexico Kategori:Verdsarv i Mexico