Herdis Birgitte Sættem () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Molde som i tida 1999-2002 vann VM-gull, EM-sølv og OL-bronse. Rykkrom-spelaren vann 11 store meisterskap med Larvik HK.
Karriere Sættem slo gjennom som 21-åring då ho var med på det norske laget som vann gull under handball-VM 1999 på heimebane. Med ei småskadd Kjersti Grini på benken i innleiinga av meisterskapen, tok Sættem ansvar og varta opp med framifrå spel. Året etter var ho delaktig då Noreg sikra ein bronsemedalje under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho var også med på laget som tok sølv i handball-EM 2002 i Danmark.
Fram til 1998 var Sættem aktiv handballspelar i Sportsklubben Rival i Molde. Deretter spelte ho på Larvik HK til ho la opp i 2006, siste sesongane var ho plaga med skadar. Gjennom dei åtte åra i Larvik var ho med å vinne fem seriemeistertitlar og like mange noregsmeisterskap, og cupvinnarcupen 2005.
Merittar VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea EM 2000: Nr 6 med Noreg EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark
Privatliv Sættem er gift med handballspelaren Geir Jomaas og har tre barn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Birgitte Sættem» frå , den 10. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Folk frå Molde