Speedway er det 32. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut i mai 1968 av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3989. Albumet inneheld musikk frå filmen Speedway frå 1968, der Presley sjølv spelte. Innspelinga fann stad i MGM Studios i Hollywood, den 20. og 21. juni 1967. Albumet nådde 82. plassen på Billboard 200.
Innhald I juni 1967, medan Presley arbeidde med filmmusikk, gav The Beatles ut Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og endra musikkindustrien. The Velvet Underground & Nico skulle få stadig meir innverknadsrik over tid og Surrealistic Pillow av Jefferson Airplane, debutalbumet til The Doors og I Never Loved A Man the Way I Love You av Aretha Franklin var alle bestseljarar.Miller, Jim, editor. The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, second edition. New York: Random House, 1980; s. 254, 274, 284. Monterey Pop Festival hadde nettopp funne stad lenger nord i California frå der Presley arbeidde. Han var klar over somme av endringane som skjedde i popmusikken kring seg, men vart i stadig aukande grad isolert då det var meir filmmusikk som måtte spelast inn.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998.
Det vart spelt inn åtte songar under innspelinga der «Suppose», som var den einaste songen som hadde interesse for Presley, ikkje vart nytta i filmen. To songar vart gjevne ut på ein singel, «Your Time Hasn't Come Yet Baby» med «Let Yourself Go» på B-sida, og begge sider nådde dei lågare delane av Billboard Hot 100 (høvesvis 72. og 71. plass), men selde dårleg. «There Ain't Nothing Like A Song» som vart avvist frå filmmusikken til Spinout, var ein av to songar med vokal av Nancy Sinatra, her i ein duett med Presley. All vokalen hennar, og songen hennar «Your Groovy Self,» den einaste gongen ein song utan Elvis vart gjeven ut på eit av albuma hans, vart spelte inn i ei anna innspeling den 26. juni der Lee Hazlewood var produsent.Elvis Presley sessionography Tre songar som var til overs frå tidlegare innspelingar, inkludert ei frå innspelinga i mai 1963, vart henta fram til å fylle opp albumet med songar.
Speedway tok over rekorden for lågast listeplassering og salstal for Presley, mindre enn 100 000 selde eksemplar, og den framtidige platekarrieren hans stod i fare. Det kom noko bra ut av det, sidan plateselskapet fann ut at ein ikkje kunne halde fram med denne filmmusikkformelen som ikkje lenger fungerte. Dette var den siste dramafilmen med Presley som fekk eit fullt filmmusikkalbum. Dei siste fem filmane hans dette tiåret — Stay Away, Joe, Live A Little, Love A Little, Charro!, The Trouble with Girls og Change of Habit — konsentrere seg om skodespelaren Presley, og ikkje songaren, og hadde få songar av Presley med. Det var òg det siste Presley-albumet som vart gjeven ut i både stereo og mono, sidan mono var på veg ut av industrien. Den sjeldne mono-utgåva Speedway (LPM-3989) er i dag etterspurt blant samlarar.Megocollector website Tre songar frå albumet finst på Command Performances: The Essential 60s Masters II (1995): dei to sidene frå singelen og tittelsporet.
Medverkande
Elvis Presley − vokal The Jordanaires − korvokal Charlie McCoy − trompet Boots Randolph − saksofon Pete Drake − pedalsteelgitar Tiny Timbrell − akustisk gitar (den 20. juni) Chip Young − elektrisk gitar Tommy Tedesco − elektrisk gitar (den 21. juni) Larry Muhoberac − piano Charlie Hodge − piano (den «Suppose») Bob Moore − kontrabass D.J. Fontana, Buddy Harman − trommer
26. juni-innspelinga: Nancy Sinatra − vokal Roy Caton, Virgil Evans, Oliver Mitchell − trompet Dick Hyde − trombone Billy Strange, Donald Owens, Donnie Lanier, Al Casey − elektrisk gitar Larry Knechtel, Don Randi − piano Chuck Berghofer − bass Hal Blaine − trommer
Innhald
Lister
Album ÅrListerPlassering1968Billboard Pop Albums82
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Speedway (album)» frå , den 15. desember 2016.
Bakgrunnsstoff LPM-3989 Speedway ¨på The Elvis Presley Record Research Database
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1968 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album