Janne Tuven () er ein norsk tidlegare handballspelar. Den venstrehendte vekselvis rykkrom- og kantspelaren vart europameister 1998, og vann elles to VM-sølv og like mange EM-sølv i tida 1996-2002.

Karriere Klubbspel Tuven spelte i unge år på Vestby HK, før ho melde overgang til Nordstrand IF i Oslo. Sidan var ho aktiv i Stabæk IF og deretter på danske Ikast.

Landslagsspel Tuven debuterte på det norske landslaget 3. november 1994 mot USA. I tida frå 1996 til 2002 deltok ho i tre EM-turneringar og to verdsmeisterskap, og vann ein gullmedalje og fire sølvmedaljar. Det tok til med sølv i handball-EM 1996, heldt fram med VM-sølv i 1997, før ho vann gull under EM 1998, i alle desse tre finalane var Danmark finalemotstandar. Etter å ha sett tre meisterskapsturneringar frå sidelinja, fekk Tuven VM-sølv nummer to i 2001 og EM-sølv nummer to i 2002. I EM-finalen 2002 skåra ho fire av dei norske finalemåla. Den 23.september 2003 deltok ho mot Kroatia i sin 108. landskamp, etter 268 landslagsmål var det slutt med flagget på brystet.

Merittar EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Janne Tuven» frå , den 17. desember 2016.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball