Veronica Egebakken Kristiansen () er ein norsk handballspelar som sidan sommaren 2019 har spelt for ungarske Győri ETO. I tida 2014-24 vann ho tre EM-gull, to VM-gull, OL-gull, VM-sølv og to OL-bronsar med det norske landslaget. Perioden 2013-24 deltok ho i 187 landskampar og skåra 595 mål.

Karriere Klubbspel Kristiansen var Våg-spelar til 2011. Dei neste fire åra spelte ho på Glassverket IF, før ho sommaren 2015 melde seg til teneste for Midtjylland. Etter tre år i Danmark fekk ho kontrakt med Győri ETO, med den ungarske klubben vann ho IHF-meisterligaen 2019.

Landslagsspel Kristiansen landslagsdebuterte 20. mars 2013 mot Danmark. Seinare i debutåret deltok ho i handball-VM 2013. Hausten 2014 vann Noreg EM 2014, der Kristiansen fekk bra med speletid på venstre rykkrom-plass. Ho var ein sentral spelar då Noreg vart verdsmeister i 2015, etter ein klar siger over Nederland i finalen. I året 2016 var ho i august månad med på å take OL-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, og fire månader seinare vart ho europameister for andre gong, Nederland var også her motstandar i begge avslutningskampane.

Merittar landslag VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Veronica Kristiansen» frå , den 19. desember 2016. Landskampar

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Eigersund