Asbjørn Sjøthun () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Balsfjord i Troms. Han var stortingsrepresentant frå Troms og for Arbeidarpartiet i perioden 1969–89.
Etter han gjekk Troms landbruksskole på Gibostad vinteren 1947/48, var Sjøthun lærarvikar i folkeskulen i Balsfjord og Storfjord fram til 1951. Han tok då over farsgarden Vollan i Balsfjord og dreiv denne i fleire tiår.
Sjøthun var medlem i heradsstyret i Balsfjord i fire samfulle periodar, 1956-71. Han var ordførar i Balsfjord i tida 1962 til 1969, då han vart vald til stortingsrepresentant for Troms fylke. Med attval i 1973, -77, -81 og -85 hadde Sjøthun sete i Stortinget i 20 år. Alle tjue stortingssesjonane var han med i Landbrukskomitéen. Han var ordinær medlem dei fyrste åtte sesjonane, dei neste åtte var han sekretær og dei fire siste leiar i komiteen.
Fram til 1992 var Sjøthun disponent for Troms Skogeierforening.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Ordførarar i Balsfjord Kategori:Ap-ordførarar i Troms Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Balsfjord