Lumsk strålemugg (Aspergillus flavus) er ein saprofytt strålemuggsopp som finst i jord over heile verda. Han kan infisera frøavlingar før og etter innhausting og ureina dei med aflatoksin, ei gruppe giftige og kreftframkallande stoff. Han er nærskyld Aspergillus oryzae og Aspergillus parasiticus. Genetisk sett er lumsk strålemugg nesten identisk med A. oryzae, ein art som ikkje er i stand til å laga aflatoksin. Han er mogelegvis ei tamd utgåve av lumsk strålemugg.
Lumsk strålemugg kan òg valda aspergillose i menneske og dyr; særskilt i individ med minska immunforsvar. Hjå menneske ligg han berre bak grøn strålemugg (Aspergillus fumigatus) som opphav til aspergillose. Han er òg den strålemuggsoppen som mest infiserer insekt.
Til liks med alle strålemuggsoppar studerte so langt, har lumsk strålemugg åtte kromosom. Han har ein genomstorleik på kring 37 megabasar og over verksame gen.
Lumsk strålemugg lagar mellom anna, som sekundære metabolittar, aflatoksin B1 og B2, aspergillsyre, aspergillomarasmin A og B, syklopiasonsyre, kojisyre, gliotoksin, sterigmatocystin og 3-nitropropionsyre.
Kjelder
Kategori:Strålemuggsoppar