«Words» er ein song av Bee Gees, skriven av Barry, Robin & Maurice Gibb. Songen nådde toppen av listene i Tyskland, Sveits og Nederland.

«Words» var den tredje hitten til Bee Gees som nådde topp 10 i Storbritannia, der han nådde åttandeplassen.«The Nation's Favourite Bee Gees Song». ITV. 9 desember 2011. Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna hitversjonar av Rita Coolidge i 1978 og Boyzone i 1996. Dette var den femte singelen til Boyzone og den første som gjekk til topps i Storbritannia.

Låtskriving Barry Gibb forklarer:

Robin Gibb: «'Words' syner ei stemning. Han vart skriven etter ein krangel. Barry hadde krangla med nokon. Eg hadde krangla med nokon og var i same stemning. Kranglane var om ingenting i det heile. Dei var berre ord. Det er det songen handlar om. Ord kan gjere deg glad, og ord kan gjere deg trist.»

Barry sa i 1996 på fjernsynsshowet VH1 Storytellers at songen vart skriven for manageren deira, Robert Stigwood.

Innspeling

«Words» vart spelt inn 3. oktober 1967 i lag med «World» og songen «Maccleby's Secret» i IBC Studios i London. Berre Barry syng vokal på songen og han vart hans soloframføring på konsertane gjennom heile karrieren til Bee Gees.

Barry hugsa godt innspelinga av «Words»:

«Eg hugsar den første innspelinga veldig godt. Robin og eg var i studio klokka ni om morgonen, og Robin sovna stadig over pianoet. Eg ville at han skulle skrive pianobiten av songen og spele dette, sidan eg ikkje er så flink på piano sjølv. Men han klarte ikkje å halde augo opne, så eg enda opp med å gjere det sjølv.».

Det vart òg nytta ein ny pianolyd på «Words», som Maurice forklarte:

«Ved eit uhell oppdaga med ein ny lyd på 'Words'. Då me spelte inn songen, etter at alle hadde gått til lunch, sat eg ved pianoet og skreiv eit riff. Eg gjekk så opp ein etasje og slo på mikrofonane for pianoet, og byrja så å leike med knappane føre meg. Då eg høyrte på lydbandet etterpå, hadde eg fått alle desse fantastiske, komprimerte pianolydane. Mike Claydon frå IBC Studios, som var lydteknikar på alle platene våre, sa 'Kva i all verda var det?' då han høyrde pianolyden. 'Kom opp her og høyr på den lyden'. Det var berre kompresjon, men han visste ikkje kva han skulle kalle det då. Eg trur han kalla det 'limited'. Det fekk pianoet til å høyrest ut som om det var 40 piano som spelte samstundes og var særs, særs fyldig. På 'Words' var det særs vakkert, men med denne lyden høyrtes det ut som om LA Symphony spelte på han. Om du høyrer på alle platene våre, er den pianolyden med.

The Beatles hadde nytta denne lyden tidlegare, og George Martin kalla det «nervøs pianolyd» som han nytta på bassnotane på «Anytime at All» og andre. «Lady Madonna» er eit av dei meir kjende døma deira med komprimert piano.

Utgjeving B-side til «Words» var «Sinking Ships», ein av få Bee Gees-songar der alle tre brørne syng solovokal. Gruppa framførte songen på The Ed Sullivan Show i 1968, med Barry Gibb på vokal, Maurice Gibb på bass, Robin Gibb på piano, Vince Melouney på gitar og Colin Petersen på trommer.

«Words» debuterte på 67. plassen på Cashbox-lista i USA den 20. januar 1968. Det var den andre Bee Gees-singelen etter «Massachusetts» som nådde topp 10 i Storbritannia.

Medverkande Barry Gibb – Solovokal, akustisk gitar Maurice Gibb – piano, bassgitar Vince Melouney – elektrisk gitar Colin Petersen – trommer Bill Shepherd – orkesterarrangement

Lister

Vekeslister Lister (1968)PlasseringAustralia (Kent Music Report)13Austerrike (Ö3 austerriksk topp 40)4Belgia (Ultratop 50 Flandern)3Canada (RPM)1Chile19Tyskland (Media Control Charts)1Irland (IRMA)14Italia (FIMI)11Japan (Oricon)19Nederland (Nederlandsk Topp 40)1New Zealand (Recorded Music NZ)9Spania (PROMUSICAE)15Sveits (Schweizer Hitparade)1Noreg (VG-lista)7UK Singles (Official Charts Company)8US Billboard Hot 10015US Cash Box19US Record World20

Årslister Lister (1968)PlasseringBelgia (Ultratop 50 Flandern)20Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)11Nederland (Nederlandsk Top 40)18Noreg (VG-lista)7Sveits (Schweizer Hitparade)10US Cash Box30

Boyzone-versjonen

«Words» vart den første singelen frå A Different Beat av det irske gutebandet Boyzone. Singelen var den sjuande totalt, og den første som gjekk til topps i Storbritannia. Singelen selde til gullplate.

Innhald CD1 Words (radio edit) – 3:55 The Price of Love – 3:11 Words (alternative mix) – 3:53

CD2 (avgrensa digipak) Words (radio edit) – 3:55 The Price of Love – 3:11 What Can You Do For Me – 2:59 Words (alternative mix) – 3:53

Lister

Vekeslister Lister (1996)PlasseringEuropa (Eurochart Hot 100)6Irland (IRMA)1Japan (Oricon)Oricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)12Taiwan (IFPI)4Storbritannia (The Official Charts Company)UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 23 May 2011)1

Årslister Lister (1996)PlasseringBelgia (Flandern) 67Europa (Eurochart Hot 100)34UK Singles Chart16Lister (1997)PlasseringEuropa (Eurochart Hot 100)75

Andre versjonar

Ein svensk versjon kalla «Nu» vart skriven av Mats Hallgren og framført av Lill Lindfors i 1968 og Siw Inger i 1977.

Ein fransk versjon kalla «Sans aucun mot d'amour» vart skriven av Billy Nencioli og framført av Michel Cogoni i 1968. Ein annan fransk versjon, kalla «Viens», vart skriven av Michel Mallory og framført av Jeane Manson i 1979.

Ein italiensk versjon kalla «Fai un po' quello che vuoi» skriven av Gino Paoli vart framført av The Honeybeats i 1968 og I Crazy Boys i 1968.

Ein portugisisk versjon skriven av Fred Jorge, kalla «Palavras» og framført av Celly Campello i juni 1968. Ein annan portugisisk tekst med same tittel vart skriven av Eduardo Luiz og framført av Agnaldo Timóteo i 1969.

Ein tysk versjon kalla «Ein Wort von dir» vart skriven av Günter Loose og framført av Daliah Lavi i 1971.

Ein dansk versjon kalla «Ord» vart skriven av Keld Heick og framført av Grethe Ingmann i 1977.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Words (Bee Gees song)» frå , den 8. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Atco Records-singlar Kategori:The Bee Gees-songar Kategori:Boyzone-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Tyskland Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Popballadar Kategori:Rita Coolidge-songar Kategori:Softrocksongar Kategori:Songar produserte av Robert Stigwood Kategori:Songar skrivne av Barry Gibb Kategori:Songar skrivne av Maurice Gibb Kategori:Songar skrivne av Robin Gibb Kategori:Susie Allanson-songar Kategori:Georgie Fame-songar Kategori:Sandie Shaw-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:James Last-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Cilla Black-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Lynn Anderson-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Lettermen-songar Kategori:Roy Orbison-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:KC and The Sunshine Band-songar