Minnesota Vikings er eit profesjonelt amerikansk fotballag grunnlagt i 1961. Laget tilhører avdelinga North Division i National Football Conference under National Football League (NFL) men var tidlegare i Central Division. Lagets heimby er Minneapolis i Minnesota og har sidan 1982 spelt sine heimekampar i Mall of America Field at Hubert H. Humphrey Metrodome.
I mai 2012, etter ei 7-6 stemme i Minneapolis City Council, blei det klart at byen Minneapolis skal bidra med $150 millioner amerikanske dollar (rundt 895 millioner norske kroner) til ein ny stadion etter problem med vedlikehold på den nåværende stadiumen. Totalsummen for den nye stadionen var på $975 millionar (rundt 5.8 milliardar norske kroner).
Frem til den nye stadionen er ferdig fortsetjer laget å spele i Metrodome, nyleg navngitt "Mall of America Hubert H. Humphrey Metrodome". Frå lagets fyrste sesong i 1961 til 1982 spelte dei heimekampane på Metropolitan Stadium i Bloomington. I fire år, fra 1961 til 1965, vart treningsleiren heldt ved Bemidji State University, men dei har sidan 1966 hatt treningsleir ved Minnesota State University i Mankato.
Minnesota Vikings har vunnet NFL éin gong, i 1969 (før NFL blei samanslått med American Football League) og har spelt og tapt fire Super Bowl–finalar (IV, VIII, IX og XI), på tross av å ha hatt éin av dei beste laga i NFL gjennom historia. Dei er også éin av seks lag som har vunnet 15 kamper i løpet av ein vanleg sesong.
16 spelarar frå Minnesota Vikings har vorte introdusert til Pro Football Hall of Fame. Deriblant norske Jan Stenerud som spelte som placekicker for Vikings mellom 1984 og 1985.
Kjelder
Kategori:Amerikanske fotballag Kategori:Skipingar i 1961
Kategori:Idrett i Minnesota