mini|A Golden Thread (1885) av John Melhuish Strudwick. Tråd (av norrønt þráðr) er ei særs tynn snor som kan vera laga av tvinna fibrar eller filament.Tråd. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. «Tråd» viste opphavleg til garn laga av fleire enkeltgarn som var tvunne saman.Køpke, Vibeke. Garn: spunnede fibrer (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Tråd kan også visa til andre tynne snoraktige ting, som ståltråd, gjerdetråd, tanntråd eller telefontråd.

I mytologien finst ideen om livstrådar, trådar som skjebnegudinner eller norner spinn og som skildrar eit livsløp. Trådar er også kjende som hjelpemiddel som kan leia ein person gjennom ein labyrint eller vanskar, såkalla ariadnetrådar etter den greske soga om Ariadne.

I overført tyding kan ein snakka om ein (raud) tråd der noko går att i ei framstilling, om å miste tråden for det å koma ut av samanhengen eller gå i surr) om å samla trådane i ei hand for det å ha kontroll på alle felt i til dømes ei verksemd, eller å trekkja i trådane for det å styra noko (gjerne i det skjulte) som ein marionett. Om noko heng i ein tynn tråd kan det berre så vidt bergast. Å slå på tråden kan brukast om det å ringja nokon med telefon, medan «knute på tråden» kan visa til ei misforståing eller eit uvenskap. Å vera utan ein tråd er ein metafor for det å vera naken, medan å vera lett på tråden kan visa til at ein er erotisk lauslynt.

Kjelder

Kategori:Tekstilar Kategori:Ord frå norrønt