Odd Vigestad () var ein norsk skulemann og politikar, stortingrepsresentant frå Møre og Romsdal og Kristeleg Folkeparti i tida 1969-81.

Vigestad var frå Gryta i dåverande Borgund herad, i dag i Haram kommune, der far hans var lærar i lang tid. Etter å ha gått handelsgymnas 1938/39, studerte han til siviløkonom ved Norges Handelshøgskole i 1941. Han busette seg då i Ålesund, der han underviste 1941-51 ved private Ulvestad handelsskule, og deretter var lektor 1952-68 ved Ålesund handelsgymnasium. Perioden 1968-82 var han rektor ved same gymnaset, men møtte så å seie heile denne tida på Stortinget.

Vigestad var med i Ålesund bystyre i fleire periodar; 1952-67, 1972-75 og 1984-87. I tolv samfulle år, 1956-67, hadde han også plass i formannskapet. Hausten 1969 vart Vigestad vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, og vart attvald to gongar. På Tinget var han den fyrste fireårsbolken medlem i Forsvarskomitten, sidan var han med i Industrikomiteen til han gjekk ut av Stortinget i 1981.

Både før og etter si tid på Stortinget hadde Vigestad ei rekke styreverv. Mellom anna var han formann i Ålesund skulestyre 1960-71, styremedlem i Distriktenes utbyggingsfond 1966-77, styreformann i Møreforsking 1981-86 og leiar av forstandarskapen til Sparebanken Møre 1984-91.

Kjelder Stortinsgbografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Folk frå Haram Kategori:Folk frå Ålesund