mini|Emblemet til Søre militærdistrikt. Søre militærdistrikt (russisk Южный военный округ) er eit av fem militærdistrikt som set opp ein av fem operasjonelle-strategiske kommandoar for forsvaret i Russland. Distriktet vart danna ved presidentdekret nummer 1144 underskrive 20. september 2010, med tidlegare Nord-Kaukasus militærdistrikt som base. Distriktet kontrollerer 8., 49. og 58. kombinerte arméer, og dessutan 4. luft- og luftforsvarskommando i det russiske flyvåpenet. Distriktet omfattar òg Svartehavsflåten og Den kaspiske flotiljen i den russiske marinen. I april 2014 vart òg Krimhalvøya med Sevastopol tilført Søre militærdistrikt.
Luftlandestyrker som er forlagt innan Søre militærdistrikt er ikkje underlagt militærdistriktet eller OSK-en, men direkte kontrollert av sjefen for Dei flyborne styrkane (eller VDV) - som ein snøgg strategisk infanterireserve (manøverelement)
Samansetjing Militær kommando og kontroll 175. kommando- og kontrollbrigade i Aksaj i Rostov oblast 10. SPETSNAZ-brigade i Molkino i Rjazan oblast 22. SPETSNAZ-brigade i Stepnoj i Aksaisk rajon 346. SPETSNAZ-brigade i Prokhladnyj 25. SPETSNAZ-regiment i Stavropol
OSK Sør vil ha desse landkomponentane på operasjonelt nivå: 58. kombinerte armé med hovudkvarter i Vladikavkaz 49. kombinerte armé med hovudkvarter i Stavropol 8. kombinerte armé med hovudkvarter i Novotsjerkassk 22. armékorps med hovudkvarter i Sevastopol. Luftkomponent 4. fly- og luftforsvarsarmé Marinekomponentar Svartehavsflåten Den kaspiske flotiljen
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Søndre militærdistrikt» frå , den 28. januar 2017.
Bakgrunnsstoff Южный военный округ (russisk) Southern District (engelsk)
Kategori:Militærdistrikt i Russland