Kjell Magne Fredheim () var ein norsk journalist og politikar frå Os i Hedmark. Han representerte Hedmark og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1969 til 1989.

Fredheim var son til ein småbrukar og bygningsmann i Os. Han gjekk handelsskule 1945/46 og var dei neste to åra ekspeditør og avdelingsstyrar ved samvirkelag. Frå 1948 til 1953 arbeide han på kontor og i bank, samt i to år i Norsk Telegrambyrå si biletavdeling.

I 1954 gjekk Fredheim over i journalistyrket. Etter vel eit år avisa Arbeidets Rett på Røros, tok han i 1955 over leiinga ved avisa Glåmdalen sitt kontor i Flisa, og var tilsett i Glåmdalen til 1969, siste par åra i hovudredaksjonen på Kongsvinger.

Fredheim var varaordførar i Åsnes kommune perioden 1966-67. Han vart vald til stortingsrepresentant hausten 1969, og med fire attval hadde han sete i Stortinget i 20 år. Den fyrste fireårsperioden var han med i Utanriks- og konstitusjonskomitéen, medan han dei neste åtte åra var medlem i Kirke- og undervisningskomitéen. Frå 1981 til -85 var han på ny medlem i Utanriks- og konstitusjonskomitéen, før han avslutta med fire år som leiar i Forsvarskomitéen.

Fredheim var elles formann 1971-93 i Støtteutvalet for dagsavisene, styremedlem 1975-81 i Direktoratet for utviklingshjelp og 1989-96 i Distriktenes utbyggingsfond. I tida 1990-98 var han leiar i Landsrådet for Heimevernet.

Etter han forlet Stortinget i 1989 var Fredheim politisk kommentator i Glåmdalen til 1998.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Folk frå Os