Ivar Kornelius Eikrem () var ein norsk gardbrukar og politikar frå øya Gossa i dåverande Nord-Aukra herad. Han var ordførar 1945-47 i Nord-Aukra og representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1954-1965.
Eikrem var son til ein gardbrukar og fiskar. Han var sjølv fiskar og arbeidde på gard åra 1913 til 1923, bortsett frå eit år folkehøgskulekurs på Aukra i 1918. I 1923 reiste han til Nord-Amerika, der han var bygningsmann og gardsarbeidar i tre år. Han vende heim i 1926 og tok i 1927 over farsgarden på Eikrem. Jamsides dreiv han også fiske.
Frå 1934 var Eikrem med i Nord-Aukra heradsstyre, til dess okkupasjonsmakta avvikla det i 1941. Etter fredsslutninga i 1945 var han med i det gjenoppretta heradsstyret til 1959. Han var 1945-47 ordførar og 1952-59 varaordførar i Nord-Aukra.
Hausten 1953 stod Eikrem på tredjeplass på Arbeidarpartiet si stortingsvalliste i Møre og Romsdal og kom inn på Stortinget med stor margin. Både i 1957 og 1961 fekk han fornya tillit hos veljarane i fylket. Alle tolv sesjonane på Tinget var han med i Sjøfarts- og fiskarkomiteen, som sekretær i komiteen frå 21. november 1961.
Kjelder
Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Folk frå Aukra