Helge Jakobsen () var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Tromsøysund. Han representerte Troms fylke på Stortinget i perioden 1961-73, der han representerte partiet Venstre til 1972, og siste året Det Nye Folkepartiet. Tingmann Anton Jakobsen var far hans.

Jakobsen gjekk handelsskule i 1917/18. Han byrja så som ekspeditør i Troms Fylkesproviantering (seinare Troms Felleskjøp), der han avanserte til bokholdar og sidan kontorsjef. Frå 1933 arbeidde han i Nordolje AS, fyrst som kontorsjef og frå 1950 som disponent. Også frå år 1933 dreiv han reiarlaget Brødrene Jakobsens rederi, ein yrkesposisjon han hadde i 49 år. Frå 1946 til 1983 var han i tilleg disponent i AS Norfisk. Han hadde talrike tillitsverv i fiskeri- og sjøfartsnæringa, samt kva gjaldt sildoljeproduksjon.

Jakobsen var medlem av Tromsø bystyre 1936-40 og 1945-49. Hausten 1961 vart han vald til stortingsrepresentant for partiet Venstre og Troms. Ved dei to nestkomande stortingsvala vart han attvald. Han var i 1961-69 medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen, medan han dei siste fire åra var med i Administrasjonskomiteen. Då partiet Venstre vart splitta under landsmøtet 1972 på Røros, braut Jakobsen med fleirtalet i partiet og var med på danninga av Det Nye Folkepartiet.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Tromsø