Jonas Enge () var ein norsk gardbrukar frå Vik på Helgeland som var stortingsrepresentant frå Nordland fylke og for Arbeidarpartiet gjennom tjue år, 1950-69. Også far hans, Cornelius Enge, var i si tid stortingsmann.

Enge gjekk 1929 fylkesskulen i Bodø, realskule 1930/31 ved Firda gymnas i Førde og 1934/35 på Treiders handelsskule i Oslo. I 1936 tok han over postopneriet i heimbygda etter far sin, og i 1942 også farsgarden. Han stod som drivar av desse til 1978.

Frå 1945 til -51 var Enge varaordførar i Sømna herad, deretter ordførar 1952-55. Ved stortingsvalet 1949 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet på Stortinget, og vart attvald ved dei neste fire stortingsvala. Den fyrste fireårsbolken, 1950-53, var han medlem i Administrasjonskomiteen, frå 1954 hadde han fast sete i Landbrukskomiteen til han gjekk ut av Stortinget i 1969.

Enge var formann i Regionplanrådet for Sør-Helgeland i tida 1969-76.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Folk frå Sømna