Valentin er eit mannsnamn som stammar frå det latinske Valentinus, som er avleidd frå valens som tyder 'sunn, sterk'. Det kan også vera eit tysk og spansk etternamn.

Valentin kan også skrivast med W, Walentin. Den engelske forma av namnet er Valentine, med kortforma Val. Valentino er ei italiensk form. Namnet finst også på til dømes ungarsk som Bálint, på walisisk som Folant, og på polsk som Walenty. Valentina er ei kvinneleg form av namnet.

Fleire personar i tidleg kristendom heitte Valentin. Ein av desse, den heilage Valentin av Roma, har helgendag på valentinsdagen den 14. februar. Denne datoen har Valentin namnedag i Sverig og Finland, medan Valentinus har namnedag i Danmark.

Kjende namneberarar Keisar Valentinianus III av Vestromarriket Valentinus, gnostikar på 100-talet Pave Valentinus, pave i 827 Valentin de Boulogne (ca. 1591–1632), fransk målar Charles-Valentin Alkan (1813–1888), fransk komponist og pianist Valentin Serov (1865–1911), russisk målar Walentin Chorell (1912-1983), finlandssvensk forfattar Valentín Paniagua (1936-2006), peruansk president Jan Valentin Sæther (f. 1944), norsk-amerikansk målar Valentín Elizalde (1979–2006), meksikansk songar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Valentin» frå , og «Valentin» frå den 14. februar 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav Kategori:Namn knytte til eigenskapar