Andreas Johan Hagerup Moan () var ein norsk arbeidar, småbrukar og stortingsmann frå Fauske. Han var stortingsmann for Nordland fylke og Arbeidarpartiet i tida frå 1922 til 1945. Han var óg ordførar i Fauske.
Moan var son til ein gardbrukar. Frå han var 16 år gammal arbeidde han i ti år som stein- og gruvearbeidar, sist i Sulitjelma. I 1908 slo han seg ned og bygde småbruket Moan, ein parsell utskild frå farsgarden Kvitblikk.
I 1910 vart Moan vald inn i heradsstyret i Fauske, seinare ordførar i heradet åra 1916-19. Frå 1922 representerte han Nordland på Stortinget til 1945. På Tinget var han medlem 1922-27 i Kyrkje- og skulekomiteen, 1928-36 i Landbrukskomiteen (nestformann 1931-36) og 1937-45 i Finans- og tollkomiteen. Han var også lagtingspresident i 1928 og frå 1937 til -45. Saman med andre medlemer av presidentskapet på Stortinget deltok Moan i juli og september 1940 i riksrådsforhandlingane med den tyske okkupasjonsmakta.
Moan hadde over år ei mengd kommunale tillitsverv i Fauske. På statleg nivå kan nemnast at han var medlem i Den departementale kornkomite av 1928, Jordlovkomiteen av 1935 og Potetlovkomiteen frå same året, Kraftforkomiteen av 1937 og Slaktehuskomiteen av 1948. Han var formann i Omsetningsrådet 1938-1942 og 1945–1954.
Moan var i 17 år nestformann i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Kjelder
Gravminne
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Fauske Kategori:Ap-ordførarar i Nordland Kategori:Folk frå Fauske