Alf Martin Bjørnø () var ein norsk skogsarbeidar og politikar frå Brunlanes i Vestfold. Han representerte Arbeidarpartiet og Vestfold fylke på Stortinget frå 1973 til 1985.

Bjørnø var son til ein gardbrukar. Sjølv var han skogsarbeidar 1940-44 og anleggsarbeidar 1944-46. Sidan 1946 arbeidde han ved Treschow-Fritzøe, dei fire fyrste åra i skogen, sidan 1950 som maskinførar.

I lokalpolitikken var Bjørnø medlem i Brunlanes heradsstyre den lange perioden 1952-75. Frå 1960 til -71 var han formann i Teknisk utval i Brunlanes.

Bjørnø vart vald til stortingsrepresentant frå Vestfold i 1973, attvald ved dei neste to stortingsvala. Gjennom sine tolv år på Tinget var han medlem 1973-77 i Landbrukskomiteen, 1977-81 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen og 1981-85 sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Frå 1981 var han med både i Arbeidarpartiet sitt internasjonale utval og han var formann i partiet sitt fiskeriutval.

Frå 1973 var Bjørnø medlem i landsstyret og forbundsstyret i Norsk Skog- og Landarbeiderforbund.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Folk frå Larvik