Paul Martin Dahlø () var ein norsk fiskar og politikar frå Frøya i Sør-Trøndelag som representerte Arbeidarpartiet, både som ordførar i Sør-Frøya og stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag.

Dahlø var son til ein fiskar. Han var sjølv fiskar frå 1899 til 1910 og deretter eitt år sjømann i utanriksfart. I 1911 tok han skipper-eksamen i Kristiansund og var fram til 1945 skipper på fiskebåtar som dreiv fiskje langs norskekysten.

Frå 1925 var Dahlø heradsstyrerepresentant i Sør-Frøya fram til 1955. Perioden 1934-41 var han ordførar i heradet, til dess han var avsett av okkupasjonsmakta. Han fekk tilbake ordførarposten i mai 1945 og sat i den til 1947. I mange år var han formann i fiskerinemnda i Sør-Frøya. Åra 1936-45 var han styremedlem i Norges Sildesalslag og deretter styremedlem i Norges Fiskarlag til 1951. I tida 1941-46 var han styreformann i Yrkesskolen for fiskere i Sør-Trøndelag.

Gjennom mange av mellomkrigsåra var Dahlø ein av dei fremste Arbeidarparti-politikarane i Sør-Trøndelag. Ved fleire stortingsval, så som i 1927, 1930 og 1936, var han nær å sikre seg tingplass, men enda som høvesvis 1. og 2. vararepresentant. Fyrst hausten 1945 fekk han fast sete på Stortinget frå Sør-Trøndelag. Etter to attval vart han verande på Tinget til 1957, då han var 72 år gammal. Heile tida var han medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Ordførarar i Sør-Frøya Kategori:Ap-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske fiskarar Kategori:Norske sjømenn Kategori:Folk frå Frøya