Henrik Andreas Zetlitz Lassen () var ein norsk lege frå Stavanger som representerte Stavanger og seinare også Haugesund på Stortinget i tre valperiodar i tida frå 1862 til 1876.

Lassen var son til ein meklar. Etter preliminæreksamen 1835 tok han norsk medisinsk eksamen i 1839. Han var privatlege 1840-47 i Svelvik og distriktslege 1847-56 i Vestre Råbyggjelag, med bustad i Bygland. Frå 1856 til 1876 var han privatlege i heimbyen Stavanger, der han i tillegg var lege ved sjukehuset i byen frå 1862 og styrar av sinnssjukeasylet frå 1871. I 1876 flytta han til Lillehammer og var distriktslege i Fåberg i elleve år.

Lassen var medlem av Stavanger bystyre frå 1858 til han flytta frå byen i 1876, ordførar 1860-68. Han var stortingsmann frå Stavanger i 1862-63, medlem av Justiskomite nr 2, og på Omframtstortinget 1864. Også i 1865-66 representerte han heimbyen på Tinget, då medlem i Militærkomiteen. Han sa nei til attval i 1867, men vart kåra til fyrste varamann då valmenn frå valkrinsen Stavanger og Haugesund møttest til valting hausten 1873. Då den valde representanten, Thomas S. Falck vart permittert etter 1874-sesjonen, møtte Lassen på Stortinget i 1875 og 1876, medlem i Vegkomiteen.

Han døydde på Lillehammer.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Stavanger Kategori:Norske legar Kategori:Folk frå Stavanger