Ole Nikolai Ingebrigtsson Strømme () var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og politikar frå Sykkylven. Han var statsråd og sjef i Sosialdepartementet i Mowinckels tredje regjering.

Strømme var son til ein gardbrukar på matrikkelgarden Straume i Sykkylven. Etter mellomskuleeksamen i Volda i 1892, var han elev ved Stord seminar i tida 1893–95. Han var så lærar 1895-97 i Bremanger, og deretter folke- og framhaldsskulelærar i heimbygda Sykkylven fram til 1919. I 1907 kjøpte han eit småbruk på matrikkelgarden Straumgjerde i Sykkylven, og dreiv dette sidan. Frå sommaren 1919 var han lensmann i Ørskog.

Stortingsperioden 1931-33 representerte Strømme partiet Venstre og Møre fylke på Stortinget, der han var sekretær i Justiskomiteen. Den 3. mars 1933 vart han utnemnd til sosialminister i ei regjering leidd av Johan Ludwig Mowinckel, ein posisjon han hadde til 28. oktober same året. Tingbolken 1934-36 var Strømme fyrste varamann frå Møre fylke, og møtte på Tinget ei veke i mars 1935 i staden for Peter Syltebø, og frå januar 1936 i staden for avdøde Martin J. Strand. Han vart då nokså omgåande sjuk og døydde i Oslo.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Lokalhistoriewiki

Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Mowinckel III Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Ordførarar i Sykkylven Kategori:Venstreordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Sykkylven