The Da Vinci Code (norsk tittel Da Vinci-koden) er ein film av Ron Howard basert på romanen The Da Vinci Code (Da Vinci-koden) av Dan Brown. Filmen hadde premiere 19. mai 2006. Tom Hanks spelar hovudrolla som Robert Langdon.
Filmrettane til Brown sin roman vart kjøpte for 6 millionar dollar. Produksjonsselskapet fekk tillating til å filme i Musée du Louvre, men ikkje i Westminster Abbey. Lincoln Cathedral godtok eit tilbod om å fungere som erstatning for Westminster Abbey.
Hans Zimmer er ansvarleg for filmmusikken.
Kjelder
Kategori:Spenningsfilmar Kategori:Filmar frå 2006 Kategori:Filmar frå USA