Gorakhpur (hindi , urdu ) er ein by i den austlege delen av delstaten Uttar Pradesh i India. Byen har innbyggjarar, og er administrasjonssenter i Gorakhpur distrikt. Han ligg ved Raptielva, rundt 65 km sør for grensa til Nepal og 11 mil aust for byen Faizabad.

Byen blei til rundt 1400. Han har namn etter asketen Gorakshanath, som verka på staden. I dag er han kjend for tempelet Gorakhnath Math.

I Mogulriket var Gorakhpur ein viktig garnisonsby. Han blei overteken av Det britiske austindiakompaniet i 1801, og var eit militært treningssenter i Britisk India. I 1934 blei han råka av eit øydeleggjande jordskjelv.

Gorakhpur er i dag eit transportknutepunkt for veg og jernbane. Det fisnt også ein liten flyplass her for innanrikstrafikk. Tekstilindustri, trykkeri, sukkerproduksjon og jernbanevedlikehald er viktige industriar. Byen er hovudkvarter for Gita Press, det største forlaget for hinduskrifter i verda.

Det lokale universitetet Deen Dayal Upadhyaya Gorakhpur University blei grunnlagd i 1956 og driv eit arkeologisk museum her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gorakhpur» frå , og «Gorakhpur» frå den 20. mars 2017.

Kategori:Byar i Uttar Pradesh