Snøhare, polarhare, arktisk hare, kvithare eller grønlandshare (Lepus arcticus) er ein art i harefamilien. Han har svarte øyrespissar og ein elles heilt kvit pels som berre om sumaren får eit gråkvitt skjær på hovudet. Vekta når opp til 5,5 kg.

Snøharen lever på tundra, i kupert fjellterreng og lågland ved kysten. Han finst i Nord-Amerika nord for skoggrensa og på Grønland.

Kjelder

Kategori:Harefamilien Kategori:Pattedyr i Nord-Amerika