Plutokrati (av gresk plutos, 'rikdom' og kratein, 'styre') eller rikmannsstyre er ei form for oligarki der eit samfunn er styrt av ein liten minoritet av dei mest velståande innbyggjarane.

I motsetnad til demokrati, kapitalisme, sosialisme og anarkisme har ikkje plutokrati røtter i ein etablert politisk filosofi. Plutokrati kan vera ønska og forfekta av dei mest velståande samfunnsklassane på eit indirekte eller skjult vis, sjølv om omgrepet nærmast alltid blir brukt nedsetjande eller som varsling om ein uønskt tilstand.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Plutokrati» frå , den 30. mars 2017.

Kategori:Politisk filosofi Kategori:Sosialfilosofi Kategori:Oligarki Kategori:Styresett