Ellingsøya er den nordlegaste øya i Ålesund kommune. Ho har vegsamband med Valderøya i Giske kommune og Nørvøya i Ålesund gjennom undersjøiske tunnelar i vest. I aust har ho òg brusamband med fastlandet over Taftasundet.
Det ligg mange industriverksemder innan skipsutstyr og sjømat på øya.
Ellingsøya er den minst folkerike av dei sju bydelane i Ålesund, med eit innbyggjartal på om lag 3000 menneske. Folketalet har auka etter at det i 2009 skulle bli gratis ferdsel til resten av Ålesund gjennom dei undersjøiske tunnelane.
På sørsida ligg Ellingsøyfjorden med mange holmar og på nordsida ligg Grytafjorden.
Ellingsøya har tre barneskular; Grimstad, Vik og Stokke, og ein ungdomsskule; Hoffland. Der er to daglegvarebutikkar.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 306 679 1914 2862
Kjelder
Kategori:Øyar i Ålesund