Dukhan er ein industriby vest i kommunen Al Rayyan i Qatar. Han ligg kring 60 km vest for hovudstaden, Doha. Dukhan vert styrt av det statlege oljebyrået i Qatar, Qatar Petroleum, og var den første staden i landet det vart funne olje.
Geografi mini|Ein klippeformasjon i Dukhan. Dukhan ligg i kommunen Al Rayyan kring 60 km frå Doha. Den søraustlege delen av området ligg 60 meter over havet. Delar av Dukhan i nord ligg under havnivå. Ei rekkje åsar av kalkstein frå eocen strekkjer seg parallelt til kystområdet. Toppen av Rus-formasjonen frå eocen stikk meir enn 25 meter opp av bakken i dette området.Abdul Nayeem (1998), s. 6 Den austlege delen består av lågland dekt av stein, med wadiar og senkingar. Wadi Diab er eit av dei store tørre elveleia i landet som strekkjer seg gjennom Dukhan.
Historie Oljeleitinga i Dukhan-området byrja i 1935. I 1937 fann ein olje i Dukhan; det første større oljereservoaret på halvøya. Utbygginga av den første oljebrunnen byrja i 1939 og var ferdig same året. Den opphavlege busetnaden vart bygd som ein leir for arbeidarar frå Qatar Petroleum Company. Drifta vart lagt ned for ein periode under andre verdskrigen. 31. desember 1949 eksporterte Dukhan den første tønna med olja og utbygginga av Dukhan-feltet var ferdig i 1954.
Samferdsle mini|venstre|Dukhan-vegen frå Dukhan til Doha.
Den første vegen i Dukhan vart bygd i 1940 for å knyte oljeleiren til Doha. Ein ny veg vart bygd i 1948 frå Dukhan til Umm Bab og Mesaieed. I 1970-åra vart Salwa-vegen utbygd for å knyte saman alle dei fire tidlegare nemnde områda.
Arkeologi Dukhan er ein av dei viktigaste stadane frå yngre steinalder på halvøya.Abdul Nayeem (1998), s. 20 Her er gjort fleire funn av steinreiskapar og våpen.Abdul Nayeem (1998), s. 34
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dukhan» frå , den 30. mars 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Qatar Kategori:Busetnader i Al Rayyan Kategori:Kystbusetnader i Qatar