Robert Strange McNamara () var ein USA-amerikansk næringsdrivar og politikar, fødd i San Francisco i California. Han var forsvarsminister i USA i tida 1961-68, under presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson. Han hadde ei sentral rolle i opptrappinga av den militære innsatsen til USA i Vietnamkrigen. Deretter var han leiar for Verdsbanken frå 1968 til 1981.

Liv og gjerning McNamara tok eksamen i økonomi og filosofi ved Berkeley-universitetet i 1937. Etter studiane arbeidde han hos revisjonsfirmaet Price Waterhouse og byrja i 1940 som forskarassistent ved Harvard-universitetet. Under andre verdskrigen melde han seg til teneste i flyvåpenet. Der utvikla han matematiske modellar til bombing av japanske byar med fosforbomber, med mål om å auke sprengkrafta, utan at produksjons-kostnadane auka.

I 1946 byrja McNamara å arbeide for Ford Motor Company, fyrst med ansvar for finansanalysane. Ganske fort steig han til alt høgare posisjonar i selskapet. Han har fått mykje av heideren for den veksten Ford oppnådde i tida etter verdskrigen. I 1960 vart han den fyrste nestkommanderande i Ford Motors som ikkje var Ford-ætling.

Få veker etter at McNamara tok til i toppstillinga i Ford Motors, baud presidenten i USA, John F. Kennedy han posisjonen som finansminister eller forsvarsminister i si regjering. McNamara var i tvil, men let seg overtale til å verte forsvarsminister. Frå 1964 var han ein av dei drivande aktørane då USA auka sitt engasjement i borgarkrigen i Vietnam, og byrja sende fleire og fleire USA-amerikanske troppar til landet og auka bombetokta. I 1967 gjorde McNamara framlegg både om å slutte med sende å endå fleire militære styrkar til Vietnam, og å innstille bombinga av Nord-Vietnam og trekke USA ut av maktstridane i Sør-Vietnam. McNamara hadde då mist trua på sine tidlegare taktiske vurderingar, og gjekk av som forsvarsminister den 29. februar 1968.

Like etter tok McNamara over som sjef for Verdsbanken. I posisjonen som verdsbanksjef stod han for store utlån til land i den såkalla Tredje verda, mellom anna til store damprosjekt. Tanken bakom dei store låna var at landa skulle verte moderniserte og utviklast frå å vere dominerte av jordbruk, til å verte industribaserte. Låna førte derimot i mange tilfelle til stor og øydeleggjande statsskuld.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Robert McNamara» frå , den 2. april 2017.

Kategori:USA-amerikanske forsvarsministrar Kategori:Verdsbanken Kategori:USA-amerikanarar frå andre verdskrigen Kategori:USA-amerikanarar frå Vietnamkrigen Kategori:Tilsette ved Harvard University Kategori:Studentar ved Harvard Business School Kategori:Presidentens Fridomsmedalje Kategori:Irsk-amerikanarar Kategori:Folk frå San Francisco