mini |Frå eit opptog i Ceuta på heilage tysdag. Heilage tysdag eller store tysdag (gresk Μεγάλη Τρίτη, Megale Trite)) er tysdagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen.

Austleg kristendom mini|Likninga om dei ti brudejentene (frå Rossano-evangelia).

I orthodoks kristendom, den armenske apostoliske kyrkja og i orientalske katolske kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus blir dagen kalla «store tysdag» eller «store og heilage tysdag». Denne dagen markerer ein Likninga om dei ti brudejentene (Mat. 25:1-13). Dette vidarefører tema for den stille veka om å vera årvaken og om Kristus som brudgom. Likninga om talentane (Matt. 25:14-30) blir også teken opp i salmesong denne dagen.

Ottesonggudstenesta frå måndag til onsdag i den stille veka er kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna, noko som blir uttrykt i ein troparion ein messer ved byrjinga. Eit ikon av Kristus brudgom, kledd i lilla kappe med tornekrone på hovudet, blir plassert på ein analogion i midten av tempelet.

Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. Tekstane kan delast inn på ulike vis, men på tysdagen les ein gjerne andre del av Markusevangeliet og to tredelar av Lukasevangeliet. Ved den sjette timen les ein også Esekiel 1:21-2:1.

Vestleg kristendom mini|Video frå ein prosesjon i Valladolid. I den katolske kyrkja les ein Jesaja 49:1-6, Salmane 71:1-6 og 71:17, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 13:21-33 og 13:36-38.

Revised Common Lectionary, fastsetjinga av prekentekstar brukt i mange anglikanske, metodistiske, lutheranske, gammalkatolske og reformerte kyrkjer, har Jesaja 49:1-7, Salmane 71:1-14, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 12:20-36 som bibeltekstar for denne dagen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Holy Tuesday» frå , den 4. april 2017.

Kategori:Påske Kategori:Tysdag