Johan Kristian Hansen Ileby () var ein norsk arbeidsformann frå Råde som var stortingsmann frå Østfold for partiet Høgre i åra 1922-27.

Ileby var son til ein gardbrukar og smed. Frå 1895 arbeidde han ei tid i steinindustrien. Sidan var han sysselsett med skipsbygging, frå 1903 som arbeidsformann ved Fredrikstad mek. Verksted.

Ileby busette seg i Bjørndalen i Glemmen herad, nærast ein bydel i Fredrikstad. Her i Glemmen var han med i heradsstyret 1919-41 og 1945, ordførar i 1922. Elles var formann 1917-19 i likningsnemnda, medlem 1922-45 i soknerådet og overformyndar i Glemmen frå 1928 til -33. Han hadde også ei rekke tillitsverv i fagrørsla, med formannsvervet i Norsk Arbeidslederforbunds avdeling 3 frå 1934 som det viktigaste.

Hausten 1921 vart han vald til å representere valkrinsen Østfold og Høgre på Stortinget, attvald tre år seinare. På Tinget var han medlem 1922-24 i Næringskomite nr 2 og 1925-27 i Justiskomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Folk frå Råde Kategori:Folk frå Fredrikstad