mini|Mikhail Gorbatsjov og Ronald Reagan underteiknar INF-avtala INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Force Treaty) var ein nedrustingsavtale mellom USA og Sovjetunionen underskriven den 8. desember 1987 av Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov.

Avtalen gjekk ut på å eliminere alle landbaserte missil med rekkevidde meir enn 500 kilometer - opptil 1000 kilometer (korthaldsmissil), og med rekkevidde mellom 1000 og 5000 kilometer (kalla mellomdistansemissil).

Avtalen hadde òg følgjande klausular: Overvaking av atomeksplosjonar. Lovnader om nedskjeringar av strategiske våpen.

INF-avtalen vart i 1991 følgd av den fyrste START-avtalen (Strategic Arms Reduction Treaty), òg kalla START I, der mengda langtrekkande atomvåpen vart vidare redusert.

Presidenten i USA, Donald Trump, annonserte 20. oktober 2018 at han ville trekkja seg frå avtalen, og skulda Russland for ikkje å ha følgd han. USA oppheva så avtalen den 1. februar 2019, og Russland svara med å gjera det same dagen etter. USA trekte seg formelt frå avtalen 2. august 2019. 4. september 2019 sa den russiske presidenten Vladimir Putin at Russland kom til å laga nye missil men ikkje setja dei i bruk om ikkje USA gjorde det først.

Avvikling og destruering av våpen under avtalen

Av dei våpena som vart avgjort destruerte ved avtalen, var RT-21M (NATO-nemning SS-20) og dei amerikanske missila BGM-109 Tomahawk og Pershing II frå landbaserte avfyringsrampar.

I mai 1991 var 2692 missil øydelagde, og 10 år med inspeksjonar og verifisering om at avtalen vart etterlevd, vart gjorde i dei neste 10 åra.

Missilsystem som vart avvikla: USA Pershing Ib Pershing II BGM-109G Gryphon Sovjetunionen SS-4 Sandal SS-5 Skean SS-12 Scaleboard SS-23 Spider SS-20 Saber SSC-X-4

Skuldingar om brot på avtalen Begge land har skulda kvarandre for brot på avtalen. USA skulda Russland for å bryta avtalen med SSC-8, som byrja testing frå 2008. Desse skuldingane vart tekne opp att i 2014 og 2017.

Russland skulda USA for brot på avtalen med avgjerda om utplassering av Tomahawk missil i Polen og Romania i samband med det såkalla «rakettskjoldet», og hevda at USA òg utvikla dronar som braut avtalen.

Den 20. oktober sa president Donald Trump at USA kom til å trekka seg frå avtalen.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «INF-avtalen» frå , den 16. april 2017.

Bakgrunnsstoff Avtalen bidro til å avslutte den kalde krigen – fra i dag gjelder den ikke lenger. NRK

Kategori:Den kalde krigen Kategori:Internasjonale avtalar Kategori:Nedrustingskontrollavtalar