mini|Fiskeværet Skjøtningberg i Lebesby i Aust-Finnmark i 1909. Skjøtningberg er eit fråflytta fiskevær i Lebesby kommune i Finnmark. Det ligg ytst i Oksfjorden. Skjøtningberg blir i dag brukt som hytte- og fritidsområde.
Skjøtningberg var eit større fiskevær tidleg på 1400-talet, med 200-250 innbyggjarar. Men folketalet gjekk ned, og i 1694 blei det rapportert av det berre budde 7 mann her. Skjøtningberg kyrkje var hovudkyrkje for eit prestegjeld fram til 1819, men kyrkjebygningen vart alt på 1700-talet svært forfallen og blei riven.Amund Helland (1906) - Norges land og folk - Topologisk beskrevet (s. 361)
Været hadde vore ein viktig stad for fiske drive frå robåtar, som ein kunne ta på land under uvêr. Dette kunne ein ikkje gjera med større motorbåtar.
Storstormar i 1918 og 1932 raserte båtane frå Skjøtningberg, og fiskeværet blei til slutt forlate.
I dag kan ein vitja staden for den store stranda som finst her, eller «Svartholla», ei naturleg kysthole.
Fiskaren og stortingspolitikaren Christian Wallenius var frå Skjøtningberg. Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Skjøtningberg kirke» frå , den 23. april 2017.
Bakgrunnsstoff Søk etter Skjøtningberg i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Kategori:Busetnader i Lebesby Kategori:Fiskevær i Finnmark