Thomas Helmer () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Herford. Midtstopparen vart europameister med Tyskland i 1996 og tok EM-sølv i 1992. Med Bayern München vann han to seriemeistertitlar og UEFA-cupen 1996.
Klubbspel Helmer ligadebuterte på Arminia Bielefeld våren 1985. Sommaren 1986 vart han overført til Borussia Dortmund, ein klubb han tente i seks år. Med Borussia vann han den nasjonale cupen i 1989 og spelte UEFA-cupfinale våren 1992. Like etterpå skifta han over til Bayern München mot eit vederlag på 7,5 tyske mark. Dei neste sju sesongane spelte han på det bayerske storlaget, og sikra han seg to bundesliga-titlar, ein UEFA-cuptriumf og ein nasjonal cuppokal. Sesongen 1999/2000 var han innom både engelske Sunderland AFC og meir heimlege Hertha Berlin før han la opp.
Landslagsspel I oktober 1990 fekk Helmer sin landslagdebut då Tyskland gjesta Sverige og vann 3-1 over heimelaget. Knappe to år seinare var han tilbake i Sverige, og var på plass i forsvarsrekka då Tyskland måtte sjå seg slått av Danmark i EM-finalen i Göteborg. Ytterlegare to år etter, under VM i fotball 1994 i USA, rauk han og Tyskland ut or meisterskapen då Bulgaria vart for sterke i kvartfinalen. Ved EM i fotball 1996 i England deltok Helmer i alle dei seks kampane, i ei turnering Tyskland vann etter 2-1 mot Tsjekkia på «golden goal». Han spelte sin 68. og siste landskamp 29.juni 1968 i franske Montpellier, og vart bytta ut då Tyskland tok seg vidare frå åttedelsfinalen under fotball-VM 1998 med siger over Mexico. Helmer skåra fem landslagsmål, tre av dei i dei siste sju kampane.
Merittar Europameister: 1996 med Tyskland EM-sølv: 1992 med Tyskland Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München Tysk seriemeister: 1994 og 1997 med Bayern München Vesttysk cupmeister (DFB-cupen): 1989 med Borussia Dortmund Tysk cupmeister (DFB-cupen): 1998 med Bayern München Finalist i UEFA-cupen: 1992 med Borussia Dortmund Finalist i DFB-cupen: 1999 med Bayern München
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thomas Helmer» frå , den 27. april 2017.
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Borussia Dortmund-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Arminia Bielefeld-spelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998