Johan Martin Mjøen () var ein norsk gardbrukar og forretningsmann frå Alta som representerte Venstre på Stortinget i tida 1925-33.
Mjøen var son til ein gardbrukar, og tok i si tid over farsgarden. Frå unge år arbeidde han mest med utvinning av skiferstein, og tok elles del i arbeidet med å bygge ut telegrafnettet i Finnmark. Åra frå 1913 til 1925 var han så disponent ved AS Altenskifer.
Frå 1910 til 1925 var Mjøen medlem av Alta heradsstyre, ordførar 1922-25. Hausten 1924 vart han vald inn på Stortinget som tredje representant frå Finnmark, eit ombod han hadde i ytterlegare to treårsperiodar. Dei to fyrste periodane var han medlem i Skog- og vassdragskomiteen, den siste i Veg- og jarnbanekomiteen.
Etter tida på Stortinget gjekk han tilbake til bergverksnæringa som statens oppsynsmann ved skiferbrota i Alta.
Mjøen hadde underoffiserseksamen og under den tyske invasjonen i 1940 var han sjef for eit øvingskompani på Altagård fram til kapitulasjonen 9. juni. Seinare i krigsåra sat han fleire periodar i fangeleir i Tromsø.
Etter verdskrigen var han ei tid distriktsintendant for gjenreisinga i distrikt II, Alta.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Ordførarar i Alta Kategori:Venstreordførarar i Finnmark Kategori:Folk frå Alta