mini|Trekol-39294 Trekol-39294 er eit russisk sekshjuls amfibisk terrengkøyretøy på store lågtrykksdekk. Det er tilgjengeleg i to versjonar: passasjar og godstransport. TREKOL produserer versjon 39294 ved hjelp av  delar frå UAZ og GAZ, noko som sikrar enkel betjening, enkelt vedlikehald og reparasjonar. Chassiset av fiberglas har ein særs låg varmeledningsevne og høvet til å operera i temperaturar på -45°C til 45°C. Køyretøyet tek 8 personar. Maksimal fart er 70 km/t. Terrengkøyretøyet kan utstyrast med bensin- eller dieselmotorar, og dessutan vannjet for framdrift i vatn.

Spesifikasjonar mini|TREKOL frå venstre bak Akslar: 6 × 6 Vekt: 2800 kg Lastekapasitet på fast grunn: 700 kg Kapasitet på mjuk jord og vatn: 400 kg Total lengd/breidde/høgd: 5670/2540/2715 mm; Sporvidde: 1900 mm; Bakkeklaring: 490 mm; Motor: bensin ZMZ-4062.10 (valfritt - diesel Hyundai D4BF); Motorkapasitet: 2,3 lit; Motoreffekt: 66.2 kW (90 hk.) På 4500 omdr/min; Maksimalt dreiemoment: 172.6 NM (17.6 kgcm) ved 2500 omdr/min Drivstoff: 92 oktan bensin Drivstofforbruk ved ein fart på 50 km/h: 14 l/100 km Drivstoffkapasitet: 100 l Girkasse: 4-trinn Chassis av fiberglas med 3-dører Tal på plassar: 8 TREKOL-dekk: 1300h600-533, slangelaus, lågt trykk Driftstrykk i dekk: 10 ... 50 kPa (0.1 ... 0.5 kg/cm²) Minimumtrykk i dekka på bakken: 12 kPa (0,12 kg/cm²) Maksimal fart på motorveg/vatn: 70/10 km/t (med påhengsmotor)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «TREKOL-39294» frå , den 5. mai 2017.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (engelsk) 39294 på TREKOL-nettstaden

Kategori:Russiske bilmerke Kategori:Terrengkøyretøy