Cotopaxi er ein aktiv vulkan som ligg rundt 50 km sør for den ecuadorianske hovudstaden Quito. Med ei høgd på 5 897 moh. er han den nest høgaste i landet, etter Chimborazo.

mini|venstre|Cotopaxi

Dette er den nest høgste aktive vulkanen i verda, etter Tupungato som ligg i Chile. Siste kjende utbrot var i 1904. Før det hadde han 50 utbrot etter 1738.

Cotopaxi er ein typisk stratovulkan. Forma er som eit omvendt kremmerhus, av di lavaen er så seig at han ikkje flyt langt frå krateret.

mini|Frederic Church: Cotopaxi, 1862.

Kjelder

Etymologi frå ecuaworld.com

Denne artikkelen bygger på «Cotopaxi» frå , den 4. april 2006.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Ecuador Kategori:Aktive vulkanar