Ole Johannes Brunæs () var ein norsk industrileiar og politikar. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold og for partiet Høgre tida 1989 til 2001.

Brunæs var fødd i Sandefjord og voks opp i Oslo, då far hans var president i Norges Industriforbund. Han gjekk ut av befalsskulen i 1957 og utdanna seg deretter til sivilingeniør i skipsmaskinteknikk ved Noregs tekniske høgskole (NTH) i Trondheim. Etter eit par år ved Nakskov Skibsværft i Danmark fekk han ei konstruktør-stilling ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord. Frå 1973 var han teknisk direktør i firmaet. I 1986 gjekk Brunæs over til å vere administrerande direktør i eigarselskapet Framnæs Industriutvikling. Deretter var han 1988-89 øvste sjef i ingeniørfirmaet Keftech i Tønsberg. Han var elles ei tid formann i Norske sivilingeniørers forening.

Brunæs engasjerte seg politisk i Høgre og var perioden 1980-83 bystyremedlem i Sandefjord. Hausten 1989 vart han vald inn på Vestfold-benken i Stortinget, og sidan attvald to gongar. Han var då medlem i Sosialkomitéen til 1993, sidan i åtte år i Samferdslekomitéen, 1993–2001. I si tredje stortingsperiode var Brunæs sjukmeld i tre år fram til desember 2000, Ellen Gjerpe Hansen møtte då i staden.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Folk frå Oslo