Johan Henrik Dietrichs () var ein norsk kjøpmann, meklar og stortingsmann, fødd på Kongsberg.
Dietrichs var son til ein offiser i det militære. Sjølv slo han seg ned i Tønsberg, der han var kjøpmann og seinare meklar. Han var også «stadskaptein». I mange år var han medlem i Tønsberg bystyre, også ordførar.
Dietrichs representerte bykrinsen Tønsberg på Stortinget i 1848, 1857 og 1859-60, og på Omframtstortinget 1858. Dessutan var han stortingsrepresentant i 1854, men då frå bykrinsen Tønsberg og Holmestrand. I 1848 var han medlem i Protokollkomiteen, på dei resterande ordinære stortinga hadde han plass i Gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Folk frå Tønsberg