De Danske Ungdomsforeninger (DDU) var ein samskipnad av danske ungdomslag som eksisterte mellom 1903 og 1965, då dei slo seg saman med De Danske Gymanstikforeninger (DDG) til De Danske Gymnastik- og Ungdomsforeninger (DDG&U). I 1992 slo DDG&U seg saman med De Danske Skytte-, Gymnastik- og Idrætsforeninger (DDSG&I) til De Danske Gymnastik- og Idrætsforeninger (DGI).
Føremål §2 i lovene til DDU, altså føremålsparagrafen, skapte mykje strid opp gjennom åra. Særleg synet på kristendomens plass var det mykje usemje om dei første åra. Etter årsmøtet i 1912 lød føremålsgrafen som følgjande:
Formaalet er paa kristelig Grund at virke for al god, sund, folkelig og kristelig Oplysning og at fremme Sammenholdet og Fælleskabsfølelsen mellem de unge.
Etter eit opprivande årsmøte i 1920 vart §2 endra til:
Foreningens Formaal er at fremme Sammenhold og Fællesskapsfølelse mellem de unge, og ved folkelig og kristelig Oplysning hjelpe dem frem mod Maalet: En vaagen dansk, kristen Ungdom.
Namnet Namnet «ungdomsforening» tok dei etter politiske ungdomsforeninger som oppstod på 1880-talet i protest mot provisorie-politikken. Skilnaden mellom desse og dei nye ungdomslaga gjekk på føremålet der dei gamle var utelukkande politiske i verksemda.
Historie Dei første ungdomslaga ein veit om vart skipa i 1887 på Hindsholm, Nørre Aaby og Taasinge på kvar si side av Fyn. I følgje ungdomslaga sjølv kjente ingen av dei til kvarandre før skipinga. I åra etter vart det skipa fleire ungdomslag på Fyn, på Skjælland og Jylland. I 1894 gjekk dei fynske ungdomslaga saman og skipa De sammensluttede fynske Ungdomsforeninger og i 1900 vart De sydøstjyske Ungdomsforeninger skipa. Det var desse to samanslutningane som gjekk saman for å skipe De Danske Ungdomsforeninger i 1903 med sine omlag 50 lokallag og 3500 medlemmar. Allereie i 1907 var medlemstalet auka til 10 000 og samskipnaden fekk sitt høgdepunkt i 1921 med 48 000 medlemmar. Fleire og fleire av dei regionale samanslutningane vart med i samskipnaden med åra, sjølv om somme heile tida valde å stå utanfor.
Under andre verdskrig var DDU ein av skiparane av Dansk Ungdomssamvirke, ein samanslutning av organisasjonar og einskildpersonar som ønskte å motverke samtidas nazistiske og fascistiske tendensar. Føremålet med organisasjonen var å opplyse, engasjere og lære opp ungdom i demokrati.
Etter krigen var det fleire og fleire innan De Danske Ungdomsforeninger og De Danske Gymnastikforeninger som såg at det ideologiske grunnlaget i organisasjonane var meir eller mindre likt, og at det einaste som skilde dei var kva aktivitetar dei dreiv på med. I 1965 gjekk dei saman og vart heitande De Danske Gymnastik- og Ungdomsforeninger.
I Norden De Danske Ungdomsforeninger var (og er i dag gjennom DGI) ein del av ein felles nordisk ungdomsrørsle knytt til liberale idear frå samtida og folkeopplysningstankane som ligg i grundtvigianismen. Søsterorganisasjonane i dei andre landa var Finlands Svenska Ungdomsförbund, Føroya Ungdomslandsfélag, Noregs Ungdomslag, Suomen Nuorisoseurat og Ungmennafélag Íslands. I tillegg var det ein tilsvarande rørsle i Sverige, men som aldri vart organisert utover distriktsledd.
I 1948 var DDU med å skipe Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid i lag med søsterorganisasjonane sine samt 4H-forbunda og bondelagas ungdomsforeininger i dei ulike nordiske landa.
Kjelder Eller, Edv. m.fl De danske Ungdomsforeninger i femogtyve aar. Odense: De danske Ungdomsforeninger 1928. Jensen, Jens Marinus Stejftog i erindringen : Jens Marinus Jensen fortæller. Århus: Aros 1971.
Kategori:Skipingar i 1903 Kategori:Nedleggingar i 1965 Kategori:Ungdomsorganisasjonar Kategori:Danske organisasjonar Kategori:Tidlegare organisasjonar