Ras al-Khaimah (òg skrive Ra'sal-Khaymah eller Ras el-Kheima; ) er eit emirat i Dei sameinte arabiske emirata (UAE). Emiratet ligg nord i landet, ved grensa til den omanske eksklave Musandam. Det dekkjer eit område på 1 684 kvadratkilometer. Hovudstaden og heimstad til dei fleste innbyggjarane heiter òg Ras Al Khaimah. Emiratet har mellom 250 000 og 300 000 innbyggjarar.
Byen har to hovuddelar, gamle Ras Al Khaimah og Nakheel, på eine sida av ei vik. Han vert betjent av Ras al Khaimah internasjonale lufthamn. Emirate består av ein nordleg del (der byen Ras al-Khaimah ligg), og ein stor eksklave i innlandet, nær Hatta), i tillegg til nokre små øyar i Persiabukta.UAE map Ras al-Khaimah har den mest fruktbare jorda i landet, på grunn av meir nedbør og underjordiske elvar frå dei omanske fjella.http://www.nationsencyclopedia.com/Asia-and-Oceania/United-Arab-Emirates-AGRICULTURE.html
Historie Ras al-Khaimah har vore busett i fleire tusenår og det er mange historiske og arkeologiske stader i emiratet - lokale kjelder seier rundt tusen - datret til forskjellige tidsperiodar, inkludert restar av Umm an-Nar-kulturen (2000-talet fvt.). Ancient graves were found in the Emirate in October 2012.
Byen var historisk kalla Julfar.
I følgje sjeik dr. Sultan bin Muhammed Al Qasimi, som regjerer i Sharjah, vart byen Ras al-Khaimah historisk kalla Julfar og vart grunnlagd av armenarar som rømde frå Persia under mongolinvasjonen. Arkeologiske funn har avdekt at busetnaden Julfar vart flytta med tida etter kvart som hamna mudra til. Den opphavlege plasseringa var nord for dagens Ras Al-Khaimah, der ein har funne restar av eit fort bygd av sassanidane. I nærleiken har ein funne andre historiske og arkeologiske stader som Sjebapalasset og den største Umm an-Nar-grava på Den arabiske halvøya. Kjelder seier at Julfar var busett av Azd (ei grein av Kahlan-stamma) på 700- og 800-talet evt, og at husa til Azd var bygd av tre.
Tidleg på 1700-talet etablerte Al Qasimi-dynastiet seg i Ras Al Khaimah og Sharjah på Den arabiske halvøya, og vart ei viktig sjømakt med område på begge sider av den persiske og arabiske kysten. I 1809 vart ein britisk styrke send frå Bombay for å slå ned på sjørøvarverksemd, som var Al Qasimi-flåten som gjekk til åtak på britiske skip langs handelsrutene i Hormuzsundet, langs Persiabukta og Indiahavet.
I slaget ved Ras Al Khaimah i 1809 vart Al Qasimi-flåten i stor grad øydelagd. Britane fortsette å operere til Linga på kysten av Persia, som var administrert av Al Qasimi. Åtaket på Ras Al Khaimah førte til at tårnet på Dhaybah-fortet frå 1500-talet vart øydelagd. I januar 1820 skreiv britane ein maritim avtale som art signert av sjeik Sultan Bin Saqr Al Qasimi som vart sett inn att av britane i Ras Al Khaimah etter Hasan Bin Rahma vart avsett. Avtalen enda sjørøvarverksemd og slaveri og la grunnlaget for det britiske protektoratet over Traktatstatane som varte til 1971. I 1869 vart Ras Al Khaimah heilt sjølvstendig frå naboemiratet Sharjah. Men frå september 1900 til 7. juli 1921, høyrte det igjen til Sharjah. Den siste guvernøren vart den neste sjølvstendige herskaren.
Den 10. februar 1972,Kourosh Ahmadi, Islands and International Politics in Gulf of Persia: The Abu Musa and Tunbs in Strategic Context (Routledge, 2008) p96 vart Ras al-Khaimah, leia av sjeik Saqr bin Mohammad al-Qasimi, med i Dei sameinte arabiske emirata.
Regentar Regentane i emiratet var: 1708–1731: Sjeik Rahma Al Qasimi 1731–1749: Sjeik Matar bin Butti Al Qasimi 1749–1777: Sjeik Rashid bin Matar Al Qasimi 1777–1803: Sjeik Saqr bin Rashid Al Qasimi 1803–1808: Sjeik Sultan Bin Saqr Al Qasimi (døydde 1866) (1. gong) 1808–1814: Sjeik Hasan bin `Ali Al Anezi 1814–1820: Sjeik Hasan bin Rahma 1820–1866: Sjeik Sultan Bin Saqr Al Qasimi (2. gong) 1866–mai 1867: Sjeik Ibrahim bin Sultan Al Qasimi Mai 1867–14. april 1868: Sjeik Khalid bin Sultan Al Qasimi (died 1868) 14. april 1868–1869: Sjeik Salim bin Sultan Al Qasimi (18??–1919) 1869–august 1900: Sjeik Humayd bin Abdullah Al Qasimi (died 1900) September 1900–1909: Ukjent 1909–august 1919: Sjeik Salim bin Sultan Al Qasimi August 1919–10. juli 1921: Sjeik Sultan bin Salim Al Qasimi (1891–19??) 10. juli 1921– feb 1948: Sjeik Sultan bin Salim Al Qasimi 17. juli 1948– 27. oktober 2010: Sjeik Saqr bin Mohammad al-Qassimi (1918–2010) 27. oktober 2010 til i dag: Sjeik Saud bin Saqr al Qasimi
Byar og landsbyar Al Jazirah Al Hamra – ein gammal kystby med mykje entrepenørversksemd og industrisone. Ar-Rams – ein kystby, tidlegare ein typisk fiske- og perledykkingslandsby Khawr Khuwayr – ein industrisone med den største hamna i Ras al-Khaimah og mange selskap som ein sementfabrikk. Diqdaqah – ein jordbrukslandsby Khatt – ein fjellandsby, kjend for varmekjelder og palmehagar Masafi – ein by i sør, ved grensa til Fujairah; kjend for drikkevatnet sitt Huwaylat – ein sentral landsby i sør
Klima Ras al-Khaimah har ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med tørre og særs heite somrar, og mild vintrar. Middeltemperaturen er 18 til 25 °C i januar og 29 til 43 °C i juli. Men temperaturane kan ofte nå 45 °C om sommaren. Varmerekorden er 48,8 °C. Luftfukta er vanlegvis høg om sommaren. Det er sjeldan regn og torevêr, berre om vinteren. Ein har rapportert snø to gonger, ein gong i desember 2004 og ein gong i januar 2009, men då i dei høge fjella i Ras al-Khaimah.
Ein har målt temperaturar ned mot -3 °C på toppen av Jebel Jais.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ras al-Khaimah» frå , den 7. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Ras al-Khaimah Kategori:Skipingar i 1869 Kategori:Emirat i Dei sameinte arabiske emirata