Igor Aleksandrovitsj Netto () var ein russisk fotballspelar, fødd og død i Moskva. Han vart olympisk meister 1956 og europameister 1960 med Sovjetunionen.
Karriere mini|venstre|Igor Netto til venstre, saman med Sergej Salnikov og Lev Jasjin i 1958
Klubbspel Netto var ein spelar som både vart nytta i forsvaret og på midtbana. Han spelte på Spartak Moskva i tida 1949-1966. I denne perioden var han med å vinne fem seriegull og tre cupfinalar.
Landslagsspel Netto fekk sin landslagdebut i finske Kotka under dei olympiske sommarleikane 1952. Frå og med 1954 og sin fjerde landskamp var han fast landslagskaptein. Hausten 1956 leidde han laget til olympiske gullmedaljar under Sommar-OL 1956 i Melbourne. I finalen 8. desember vann Sovjetunionen med 1-0 over Jugoslavia. Han deltok i fotball-VM 1958, men spelte berre kampen mot Brasil. Den 10. juli 1960 møttest Jugoslavia og Sovjet til ein ny meisterskapsfinale, den aller fyrste finalen i ein europameisterskap i fotball. Finalen i Paris vart avgjort då Sovjet gjekk opp i 2-1 etter 113 minuttars spel, slik at Netto få minuttar seinare kunne heve den nye EM-pokalen. I 1962 spelte han alle Sovjets kampar under VM i fotball 1962, i ein meisterskap laget rauk ut mot arrangørlandet Chile i kvartfinalane. Medrekna ein hengekamp våren 1965 spelte Netto 54 landskampar for Sovjetunionen og skåra fire mål.
Merittar Olympiameister: 1956 med Sovjetunionen Europameister: 1960 med Sovjetunionen Sovjetisk seriemeister: 1952, 1953, 1956, 1958 og 1962 med Spartak Moskva Sovjetisk cupmeister: 1950, 1958 og 1963 med Spartak Moskva
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Igor Netto» frå , den 14. juni 2017.
Kategori:Sovjetiske fotballspelarar Kategori:Russiske fotballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1956 Kategori:Spartak Moskva-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1958 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962