Joachim Kirst () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Neustadt an der Orla i Thüringen som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister i tikamp både i 1969 og 1971. mini|venstre|Joachim Kirst i 1968
Aktiv Kirst sette personleg rekord med 7 861 poeng då han vart femtemann i tikampen under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen. Året etter forbetra han seg til heile 8 279 poeng, ny austtysk rekord. Ved friidretts-EM i Aten same året var han suveren bestemann med sine 8 041 poeng, meir enn 200 poeng framom sølvmedaljøren. Både i 1970 og 1971 var Kirst mellom dei aller beste mangekjemparane i verda, med årsbeste på høvesvis 8 131 og 8 206 poeng. Han forsvarte i august 1971 EM-tittelen i tikamp ved meisterskapen i Helsinki. Til Sommar-OL 1972 i München kom ikkje Kirst som ein av dei store favorittane, men leia likevel etter fyrste konkurransedagen. På øving nummer seks i tikampen, 110 m hekk, snubla han i den tredje hekken og fall. Dermed braut han tevlinga og la deretter opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico by: Nr 5 – 7 861 poeng EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 8 041 poeng, framom Herbert Wessel (7 828) EM 1971 i Helsinki: Gullmedalje – 8 196 poeng, framom Lennart Hedmark (8 038) OL 1972 i München: Braut tikampen
Kjelder Friidrott, årgangane 1969-73. Nyhamnsläge. World Athletics
Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Folk frå Harz